Dagens Bilde

Sanitetslaget med -Sterk og stødig- kurs

Sanitetslaget i Sunnylven er aktive på fleire felt. Her lagar styret julelunsch på omsorgssenteret. Frå høgre Hilde, Nina, Kari og Ruth.

Fleire medlemmer i Sunnylven sanitetslag har meldt seg til å delta på Sterk og stødig-kurs. Dette blir gjennomført i slutten av januar på Kyrkjelydshuset.

-Sterk og stødig-konseptet er fallforebyggande trening for eldre menn og kvinner. Trening gjer vedkomande sterkare og stødigare, noko alle treng no når mange skal bu heime i stadig lengre grad, seier leiar i Sunnylven sanitetslag Hilde Langlo Brekke.

Kurset er måndag 27. januar og tysdag 28.januar kl 900 – 1500, og torsdag 30.januar kl 900-1300. Kursleiar er fysioterapeut Abegall Helland frå Stranda.

hellesylt.info kjem tilbake til kurset ein av dagane då dette kan bli eit tilbod som sanitetslaget vil tilby også seinare .
-Vi ønskjer å få ut informasjon og samtidig motivere folk til å møte opp på treningane, seier Hilde Langlo Brekke.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380