Støttar rampe for funksjonshemma
Badestranda og badehuset på Hellesylt blir brukt av mange på sommarstid. No blir det utbygt også for funksjonshemma.
Møre og Romsdal fylkeskommune har løyvd 204.000.- kroner til bygging av rampe for funksjonshemma ved badeplassen på Hellesylt.
Hellesylt Ungdomslag planlegg bygging av sanitæranlegg på badestranda på Hellesylt.
No har laget også søkt om tilskot til bygging av rampe for funksjonshemma som måtte ynskje å nytte den flotte badeplassen i Hellesyltfjøra.
Laget har gjennom Stranda kommune søkt Møre og Romsdal fylkeskommune om tilskot til arbeidet på 1.6 mill. kroner.
Fylkeskommunen hadde for i fjor sett av 3.0 mill kroner til slike formål i 2024, og søknaden frå Hellesylt Ungdomslag vart imøtekomen med 204.000.- kroner.
I vedtaket heiter det at det kan søkjast om tilleggsløyving i 2025.
I vedtaket heiter det vidare at arbeidet med rampen ikkje må kome i konflikt med grunneigarinteresser, og det må heller ikkje skape konflikt med andre brukarar.
Kvitteringar for betalt arbeid må oppbevarast i minimum ti år.