Årsmøte i Hellesylt Ungdomslag
Å
Hellesylt Ungdomslag heldt årsmøte på Hellesylt Boutique & Bar fredag 31. januar. Her vart årsmeldingar frå hovedstyret, Barnelaget, Teatergruppa og Badehusstyret lagt fram.
Styret i HUL med Marianne Fivelstad som leiar behandla 20 saker i 2024. Medlemstalet auka med 43 og er no på 141.
Året starta med deltaking i Kven veit, ein tøff konkurranse med mange gode lag. HUL hadde med tre, men nåde ikkje heilt opp.
I slutten av mars var det Grendakveld med Dalarane og stort frammøte. Det vart ein ny, vellukka kveld i Ungdomslaget, og som vart avslutta med dans og musikk av Steinar Engelbregtson Band,
Same band spela også i kyrkja under opning av Hellesyltdagane.
Andesleppet i Hellesyltfossen under Sommardagar på Hellesylt dette året var rekordstort, over 2000 andelodd vart selde.
Hellesylt Ungdomslag hadde deretter pause til ut på hausten. I deember vart det sal av Jul på Sunnmøre, det vart arrangert Solsnubading på badestranda, og til sist vart skodespelet Kjære avdøde vist 4. juledal med fullsett sal i samfunnshuset.
Til slutt denne kvelden vart det spela opp til dans av bandet Party Exspress.
Årsmøtet i Hellesylt Ungdomslag godkjende årsmeldinga både for hovedstyret og dei andre undergruppene.