Blåsemafian opnar Festspela i Geiranger
Blåsemafian opnar festspela i Geiranger laurdag 15, februar ombord i ferja Veøy. Der er også Sunnylven skulekorps og Eidsdal musikkorps.
Laurdag 15 februar startar årets Festspela i Geiranger. Eit lødig og innhaldsrikt program er sett saman for heile veka som Festspela varer. I Geiranger blir det kunstutstillingar, men også mykje song og musikk heile veka.
Det startar laurdag kveld ombord i turistferja Veøy. Ferja er i gong med turar etter fjorden frå Hellesylt til Geiranger 13. februar, og laurdag 15. februar har den også med seg Sunnylven skulekorps til turistbygda.
På kledstid denne dagen og ombord på dekk på ferja spelar musikarane i Blåsemafian opp frå klokka 18-00 i Geiranger. Det blir friske og flotte tonar trur vi på.
Og ikkje mindre imponerande blir avslutninga på denne konserten med Sunnylven skulekorps og Eidsdal musikkorps i samspel med Blåsemafian. Kva musikkverk dei dreg i gong veit vi ikkje, men at det blir trøkk og gjenklang i fjella i Geiranger frå musikarane på øverste dekk på turistferja Veøy, det trur vi på-
Bli med på ferjetur til Geiranger laurdag 15. februar og opplev ein stor musikkveld på øverste dekk på Veøy-
Ferja går tilbake frå Geiranger til Hellesylt klokka 20.30, får hellesylt.info opplyst