Laurdag 1. mars blir det fastelavnskafe med Sunnylven sanitetslag på samfunnshuset, Hellesylt frå klokka 12.00
Sunnylven sanitetslag inviterer til Laurdagskafe 1. mars på Sunnylven samfunnshus mellom klokka 12.00 – 15.00.
Der blir det sal av kaffi og kaker, og sjølvsagt fastelavnsbollar.
Det blir også tombola med eit variert utval av gevinstar å vinne.
Ta turen til Sunnylven samfunnshus og støtt opp om sanitetslaget og det viktige arbeidet dei utfører i bygda.
Velkomen til alle!
