Lokalnytt

Frå Nedste Gjerdet til Puget Sound Country

Frå gullbryllaupsfeiring for Lars Langeland og Karina Abelson

  • Ei soge frå verkelegheita –av Jostein Hole / Lars Fivelstad

På årsmøtet i Sunnylven Pensjonistlag fortalde Jostein Hole soga om Lars Langeland frå Nedste Gjerdet. Dette var ein plass under Nedsthaugen, og her vart Lars fødd som nest yngst av i alt åtte syskjen i 1887.

Foreldra var Ole Andreas Halkjellsson, f. 1836 og Ingeborg Anna Rasmusd. Kjellstad, f.1845.
Jostein Hole hadde fordjupa seg grundig i historia om Lars, etter at det kom ein e-post frå USA med ønskje om opplysningar om denne Lars Langeland.
Og Hole hadde mange episodar å fortelje om.
Ein kan tenkje seg at det måtte vere eit nøysomt og strevsomt liv med ein så stor familie i Nedste Gjerdet, og Hole fortalde til dømes at dei ei jul hadde to talglys som dei delte, og juletreet kledde dei med aviser og hengde opp i treet sine eigne treleiker.
Mora kunne vere litt streng og passa godt på borna. Men ein dag lurte Lars seg ned til elva og fekk si første krede på 12-13 cm. Ein stolt fiskar slapp skeinepreike.

På Langeland skule
Lars hadde sin første skulegong på Langeland skule. Då skulle kvar elev ha med seg si eiga ABC-bok, men Lars hadde ikkje bok. Då dei skulle lese i ein skuletime, fekk Lars ei vanleg bok å lese frå. Læraren vart då imponert over kor flink guten var til å lese.

Ut i teneste
Tretten år gammal måtte Lars ut i teneste. Han kom til Ljøen, til svogeren sin, Peder. På garden var der eit stort antal geiter og 8 mjølkekyr, så der var mykje arbeid å ta tak i. Han vart hardt driven av svogeren, har han fortalt.
Då Lars vart konfirmant, måtte han gå ned til sjøen og ro inn til Hellesylt kvar søndag. Etter ei hending, kom han på kant med presten, Torstein Gunnarson, og presten brukte harde ord, som han ikkje burde ha sagt. Men før Lars emigrerte til USA i 1906, kom presten og bad om orsaking.

På bildet frå venstre; Inga, Lars, Anna Bell, Bertha og Ole

Til USA
Lars var fire år då storebroren, Halkjell, emigrerte til USA, og han hadde sikkert ofte tenkt på ein gong å følgje etter broren. I 1906, atten år gamal, gjorde han alvor av tanken. Ein lang båttur førde han til Boston. Derifrå tok han ferje til New York. Men målet var området Puget Sound Country, der broren heldt til. Dermed vart det ein togtur på heile seks døgn før han kom fram i mai. Puget Sound Country er eit vakkert kystområde, med mange elvar, fjordar og fjell. Det ligg i nordvestre hjørnet av staten Washington. Ein av dei største byane der er Seattle, og staten grensar mellom anna opp mot byen Vancouver.

Allsidig yrkesliv
Gjennom åra var Lars innom mykje forskjelleg slags arbeid. Han byrja med å kutte og forme Evergreens, eviggrøne planter, truleg for landskapsformål. Så arbeidde han både i ein tømmerfabrikk og seinare i ein Shingle Mill. Her laga dei takspon, som kunne nyttast til taktekking. Dette var ein jobb som han seinare kombinerte med gardsdrift.
I Seattle trefte han ein Ivar Kjellstad, og dei vurderte å reise nordover til Alaska for å arbeide i gruver. Men dette slo dei frå seg.

Gardbrukar
Lars fekk bygd seg hus i Stanwood, der han levde mesteparten av livet, På 1920-talet leigde han seg ein gard i nærområdet og kombinerte dette med fabrikkarbeid. Seinare kjøpte han seg eigen gard og dreiv denne i 28 år. Her dreiv han og kona, Karina Abelson mellom anna med eggproduksjon, dei hadde også kyllingar og mjølkekyr.
Lars og Karina fekk fem born.
Lars døydde i 1971 og Karina i 1985.

 

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380