LokalnyttLokalsport

Har søkt om midlar til utbetring

Med opå synfaring, frå v: Inge Hole, Katrin Blomvik, Rolf Arne Ljøen, Silje Reisz, Jens Petter Ringstad, Siv Aksdal, Inge Bjørdal, Magne Brekke, Bente Bonsaksen, Reidar Brekke.

Frå ei synfaring etter den Trondhjemske Postveg til Ljøkaia i 2008,frå venstre Inge Hole, Katrin Blomvik, Rolf Arne Ljøen, Silje Reisz, Jens Petter Ringstad, Siv Aksdal, Inge Bjørdal, Magne Brekke, Bente Bonsaksen, Reidar Brekke.

Utbetring av Den Trondhjemske Postvei frå Ljøkaia og oppover skal halde fram.
Stranda kommune ved næringssjef Inge Bjørdal har søkt Møre & Romsdal fylke om tilskot til utbetring av siste del av Postvegen, frå Øvre Ljøen til Ljøkaia ved Sunnylvsfjorden.
Kostnaden er berekna til 4.6 mill. kroner, og søknaden til fylket var på 2.3 mill. kroner.

Alt i 2008 var det synfaring på postvegen frå Ljøen til Ljøkaia.
Med på synfaringa var representantar frå dåverande Hellesylt Vel, frå grunneigarane, kommunen og tilsette i Fylket.
Mykje har blitt gjort med vedlikehald og bevaring av den gamle postvegen frå sjøen og oppover, men ein god del stod også att før vegen var god og vedlikehaldsfri.

Arbeidet med postvegen frå Ljøen til Herdal kom fyrst i gong, og i fjor vart denne flotte turvegen offisielt opna.

Då stod altså siste del frå Ljøen og ned til Ljøkaia igjen.
No vil også den delen bli forsøkt å rette på
Søknaden frå næringssjefen og Stranda kommune på 2.3 mill. kroner vil vere ei god hjelp for å få realisert vedlikehaldet og sikre ein god turveg heilt ned til Ljøkaia og Sunnylvsfjorden.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380