Irsk musikk og dans på Gildetun
Den irske gruppa Cailini Lua på scena i Gildetun Geiranger.
Det blei skikkeleg irsk feststemning på Gildetun i Geiranger laurdag 22. februar.
Der fekk eit talrikt publikum høyre den irske gruppa Cailini Lua spele og synge.
Dei fire damene i Cailini Lua laga flott stemning i ungdomshuset i Geiranger laurdag kveld med song og speling på fleire instrument. Det vart mykje jubel og lange klappsalvar for konserten som varte i rundt to timar.
Musikarane i Cailini Lua er multiinstrumentalistar som både spelar, syng og dansar. Eit fullsett ungdomshus fekk høyre både kjente og tradisjonelle irske folkesongar og det vart irsk dans til fleire.
Konserten i Gildetun fekk taktfast klapping, og publikum var med når Cailini Lua inviterte til song. Verre var det å få folk på dansegolvet, men til slutt lukkast også det der publikum fekk lære enkel irsk folkedans.
Mest imponerande var likevel dansinga og fotarbeidet som dei sjølve stod for. Det var berre fantastisk.
Det var ein konsert med mykje fengande musikk. Damene i Cailini Lua imponerte stort og laga ein triveleg laurdagkveld i Gildetun i Geiranger.
«Festspelgeneral» Gunnar Inge Eide, her saman med gruppa Cailini Lua frå Irland..
—