Dagens Bilde

Laurdagskveld med Blåsemafian

Blåsemafian samla nesten fullt bildekk på turistfrja Veøy laurdag kveld i Geiranger. Der fekk eit fargesprakande musikkshowut jubel og applaus tilbake frå eit talrikt publikum.

Den gamle turistferja Veøy har vel aldri opplevd maken til lydshow som tona ut på bildekk laurdag kveld ved kai i Geiranger. I alle fall skalv det i konstruksjonen fleire gonger, nesten så ein frykta sprekker i konstruksjonen.
For Blåsemafian sparte ikkje på lyd og lys laurdag kveld ved turistkaia i Geiranger. Og det talrike publikummet lika seg på bildekket og det dei fekk oppleve, kanskje meir enn dei forventa.
For jubelen stod høgt stadig vekk, om ikkje like kraftig som lydnivået frå musikarane på scena bakerst på bildekk på Veøy.  Det vart ein time som betalte seg i svingande korpstonar frå tre musikarar med blankpussa blåseinstrument og ein bassist i bakgrunnen.

Det vart mange flotte melodiar og som sagt mykje trøkk frå Blåsemafian på bakerste dekk ombord i turistferja Veøy laurdag kveld. Melodiane var både eigne komposisjonar og andre, men aller best lika vi den gamle norske salmen «Mitt hjerte alltid vanker». Du verden så imponerande det var å høyre solospelet på trompet av bandmedlemet der toneleiet gjekk heilt opp i det høgaste, nesten opp i «himmelen». Det innslaget fekk lang og velfortent applaus.

Men vi skal heller ikkje gløyme avslutninga der dei to skulekorpsa frå Sunnylven og Eidsdal kom togande inn og var med i samspel med Blåsemafian i ein eldre Grand Prix-låt. Sikkert ei stor oppleving for dei unge musikarane i dei to korpsa, og Ei flott avslutning på ein konsertkveld på turistferja Veøy som mange kom og sette pris på.

Blåsemafian (på scena) og dei to skulekorpsa avslutta ein flott konsert ombord i turistferja Veøy ved kai i Geiranger laurdag kveld.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380