Ny Sunnylvscup i joggesko
Nokre av deltakarane klare for start på Hellesylt stadion i Sunnylvscupen torsdag 27. februar.
Også det nest siste rennet i Sunnylvscupen 2024 / 25 gjekk i joggesko torsdag 27. februar.
Foto: Linn Kammen.
Det vart joggesko på jenter og gutar som stilte til start i Sunnylvscupen torsdag 27. februar. Snøen er framleis borte i skianlegget i Hyttehola så då er løpebana og området kring Hellesylt stadion alternativet.
Der var deltakinga god også siste torsdag i februar med kring 50 jenter og gutar på startstreken i joggesko. Nokre av dei gjekk, andre sprang i løypelengder på 1.0 km, 2.2 km., og 3.3 km.
20 deltakarar sprang distansar på tid.
Om det blir fleire renn i Sunnylvscupen på ski i 2025 veit vi ikkje. Deltakinga i dei fem renna som er arrangert har vore god med 50 og meir som blir premiert, truleg under påskebingo tysdag 15. april.
Lite snø på Hellesylt stadion 27. februar.
Bilder frå 5. samling for Sunnylvscupen 2024 / 25 på Hellesylt stadion.