Ny Sunnylvscup på Hellesylt stadion
Slik burde det vere under Sunnylvscupen, men i morgen blir det joggesko på Hellesylt stadion
Det blir Sunnylvscup på Hellesylt stadion utan ski, men med joggesko i morgen torsdag 27. februar frå klokka 17.30. Det melder Sunnylven ski og skiskyttergruppe.
Framleis er det lite snø, nesten bart i løypene i skianlegget i Hyttehola. Difor blir den nest siste Sunnylvscupen lagt til Hellesylt stadion og løping i joggesko i løyper med ulike lengder, alt etter årsklasser.
Start for alle utan tidtaking er klokka 17.30, med tidtaking 18.30
Gruppeleiar for start og tidtaking er Daniel Støverstein og han har med seg Jeff Pacificar og Anne Karin Brenne som hjelparar.
Kiosken styrer Dovile Sundgot og Rita Røyrhus.
Frå styret møter Marthe Hjellbakk Hole Magnar Tufte Tyssen, og Kristin, får hellesylt.info opplyst.