Planlegg årets Grendakveld
Frå Grendakveld med Bygdarane for ni år sidan
Det nermar seg årets Grendakveld i Sunnylven for 12. april samlast bygdefolket i Sunnylven samfunnshus.
Denne veka kom innkalling til kveld på Grendahuset på Hauge der programmet for årets Bygdakveld med program, servering og til slutt dans skal planleggast. Det er Bygdarane som står som arrangør av den 45. grendakvelden, står å lese i skrivet som er sendt ut til alle husstandar i Bygda.
Som Dalarane og Sjøarane er også Bygdarane gode programskaparar. Grendakvelden på Hellesylt, i år 12 april, er av høgdepunkta i Hellesylt Ungdomslag som er ansvarleg arrangør av desse kveldane. Og som ein ser av talet på arrangement er dette morokveldar mange går på kvart år.
Og moro blir det nok også denne gongen. Truleg har dei ansvarlege mange gode idear om program, hendingar som har skjedd i bygda det siste året atter at Sjøarane trakka scena i fjor.
-Vi startar med ein sosial kveld med framsyning på storskjerm av tidlegare Grendakveldar. Så ta med deg snacks og drikke av det du måtte ønskje til ein kreativ kveld på Grendahuset, heiter det i innkallinga til fyrste planleggingsmøtet for Grendakvelden 2025.