Snart slutt på Lyskunstfestivalen
Den irske gruppa Cailini Lua spelar opp på ungdomshuset i Geiranger laurdag kveld.
Lyskunstfestivalen i Geiranger er snart over for i år. I over ei veke har turistbygda vist fram kunst og levert flotte musikkarrangement til eit talrikt publikum.
Det er få dagar igjen av årets Lyskunstfestival, Torsdag 20. februar er det berre fire dagar før «vinterfesten» i Geiranger er over for denne gong.
Då har turiststaden vist fram mykje bra, underhaldning av fleire slag , og med god servering og godt vinterver. Vi tek med litt av det som står igjen av årets Lyskunstfestival dei fire siste dagane;
Torsdag 20. februar er det utstilling på Norsk Fjordsenter og det blir trylleshow på Hotellet..
Fredag 21. februar har Hotellet konsert med Anita Valderhaug og musikar Bjørnar Myhr.
Laurdag er utstillinga på Fjordsenteret framleis opa, og om kvelden kjem den irske gruppa Cailili Lua med konsert på ungdomshuset i turistbygda. Konserten starter klokka 21.30.
Søndag er siste dag av Lyskunstfestivalen med utstilling på Fjordsenteret, program for born på hotellet og til slutt gudsteneste i kyrkja klokka 18.00.