Lokalnytt

Stor aktivitet i pensjonistlaget

Det var godt frammøte på årsmøtet i Sunnylvn pensjonistlag også i år. Her frå julebord i pensjonistlaget

Onsdag 19. februar avvikla Sunnylven Pensjonistlag årsmøtet sitt.Her vart det attval på heile styret, kåseri, og i tillegg andre aktuelle saker.

Tekst: Lars Fivelstad.

Leiaren Astrid Langeland ønskte velkommen. Deretter vart årsmeldinga referert og godkjent uten merknad.
Like eins vart den framlagde rekneskapen godkjent uten merknad
Av årsmeldinga går det fram at laget har halde 5 medlemsmøte, og eit ope møte. Her fortalde NRK- journalisten Roger Sevrin Bruland om arbeidet sitt gjennom både pandemi og krig. Det møtte heile 180 tilhøyrarar frå fleire bygdelag
Laget har også arrangert tre turer for pensjonistaene. Den første var ein tur til Ishavsmuseet på Brandal. Så vart det arrangert ein gratis ferjetur til Geiranger, og her deltok heile 50 pensjonister. Den siste turen var ein busstur som gjekk til Charlottenberg.
2024 har såleis vore eit aktivt arbeidsår, der ein har samla mange medlemmar til både informative og hyggjelege møte og turar som har gjeve fine opplevingar til rett mange pensjonistar. Laget har elles arbeidd med ulike tiltak for eldre i bygda, og har mellom anna også planta ut blomar i 12 store krukker i sentrum.

God økonomi

Laget har god økonomi. I 2024 har dei samla inntektene vore på over 300 000 kr, og drifta gav eit overkort på over 55 000 kr. Laget har også fått gåvemidlar etter søknad på i alt kroner 32500 kr.
Laget har i 2024 gjeve gåver til omsorgssenteret, Kirkens Bymisjon, trimsenteret og TV-aksjonen.
Medlemstalet var ved utgangen av 2024 på 115 medlemmer, ein nedgang på 5 personar frå året før.

Attval

Desse stod på val på årsmøtet: Astrid Langeland leiar for eitt år, styremedlemmane Odd Jostein Bjørdal, Mia Sjåstad og Eli Westphal. andre varamedlem Anne-Lise Hasle og revisor Oddbjørn Tryggestad. Alle vart samrøystes attvalde.

Astrid Langeland held fram som leiar i Sunnylven pensjonistlag, det niande året på rad.

Styret har då denne samansetjinga for 2025:
Astrid Langeland, leiar og kasserar
Odd Jostein Bjørdal, nestleiar
Lars Fivelstad, sekretær
Håkon Hasle, Mia Sjåstad og Eli Westphal, styremedlemmar
Berit T. Hole 1. vara og Anne-Lise Hasle 2. vara
Revisor: Oddbjørn Tryggestad
Valkomite: Bjarne Sjåstad og Reidar Brekke.

«Sterk og stødig»
Før årsmøtet vart sett, fekk fysioterapeut i Stranda kommune, Abegail Helland fortelje om tiltaket «Sterk og stødig». Dette tiltaket er tenkt for alle over 65 år som bur i eigen heim, og kan gå utan hjelpemiddel heime.
Fire kvinner i Sunnylven har teke instruktørkurs for å leie treningane, som vert ein gong i veka. Då vert det og tid til god sosial prat, fortalde Helland. Ho vona at rett mange ville melde seg på, og det er planen å kome i gong i løpet av mars, i kjellaren på omsorrgssenteret.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380