LokalnyttLokalsport

Sunnylvscup på «ski», på Hellesylt stadion

Torsdag 13. februar blir det løping på Hellesylt stadion i staden or skigåing i Sunnylvscupen.

Torsdag 13. februar blir det ny Sunnylvscup, utan ski denne gongen, skriv skigruppa. Og cup-en blir på Hellesylt stadion.

Det er for lite snø i Hyttehola til at Sunnylvscup på ski kan arrangerast i skianlegget 13. februar. Difor er samlinga flytta til Hellesylt stadion og løping i joggesko.
Det er valfritt kva distanse den enkelte vil velge, skriv leiinga i innbydinga til den andre Sunnylvscupen. Dei håper mange kjem og deltek. I det fyrste renne som vartarrangert i Hyttehola var over 40 med.

Start er klokka 17.30 .

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380