Lokalnytt

Inviterer til Pusterom torsdag 3. april.

Det lokale koret «Fryd» blir å høyre i kyrkja på torsdag.

Torsdag 3. april klokka 20.00 er det klart for nytt Pusterom i Sunnylven kyrkje.

Pusterom er ei samling der vi inviterer til ei stund der ein får lov til å trekke pusten, lytte til vakker musikk, tenne eit lys og berre vere tilstades. Denne kvelden skal ein ikkje prestere eller levere, men berre få lov til å ta imot.

Frå Fjordapresten Ann Kristin Langeland har vi fått denne informasjonen om samlinga i Sunnylven kyrkje torsdag kveld.

-Det er fjerde gong vi har slik samling i kyrkja, og det ser ut til at mange set pris på ei slik samling, for frammøtet har vore godt, og det håpar vi det blir også på torsdag. Vi legg vinn på å bruke lokale krefter på den musikalske sida, og denne gong er vi veldig glade for at koret «Fryd» vil vere saman med oss. Dei har øva inn fleire fine songar som dei vil dele med oss. Koret er leia av Kristin Storstein, og dei har med seg Gunnar Inge Eide på piano. Vi håpar at mange vil ta turen til kyrkja, her er det rom for alle, skriv Fjordapresten Ann Kristin Langeland i e-post til hellesylt.info.

I kyrkja torsdag vil også Ann Kristin Langeland ta del med nokre ord og tankar rundt temaet: «Se ilden lyse».
Så ta turen til Sunnylven kyrkje og til Pusterom torsdag 3. april kl. 20.00.

Kristin Storstein er dirigent for koret «Fryd».

Gunnar Inge Eide blir også å høyre, både på piano og på det flotte kyrkjeorgelet.

Alle foto: A.K. Langeland

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380