Lokalnytt

Årsmøte i Storfjordens Venner i Trollstova

Illustrasjonsbilde frå Storfjordens Venner

Storfjordens Venner kallar inn til årsmøte i Trollstova, Liabygda laurdag 5. april klokka 13.00. Før årsmøtet vert det servering av lapskaus.

Storfjordens Venner hadde siste året 533 enkeltmedlemer, 74 familie og 12 bedriftsmedlemer, ein nedgang på 57 frå året før.
Det vart halde ti styremøter i organisasjonen og behandla 96 saker. I tillegg vart det på styremøta orientert om ymse saker.
Aktiviteten har vore god mellom anna har det blitt nytta både ressursar og mykje planlegging av arbeidet på Ytste Skotet, står å lese i årsmeldinga.

Saker i 2024

Møteverksemda har vore stor i 2024. Styremedlemer og leiar har delteke på diverse arrangement, kvar for seg eller fleire saman.
Flest møter har det blitt i Bautanemnda, men også jubileumsnemnda har hatt fleire samlingar. Storfjordens Venner er 50 år i 2025, og ei gruppe på fire, Merete Løvoll Rønneberg, Kristi Linge Stakkestad, Randi Sæter og Kjell O. Løseth planlegg feiringa som vil skje i Geiranger i september 2025.

Storfjordens Venner har god økonomi. I 2024 viste rekneskapen eit overskot på 586.158.- kroner
Organisasjonen har store beløp på konto i Sparebanken Møre, både driftskonto, plasseringskonto og på rentefond.

I ei fyldig årsmelding kan ein lese om fleire saker Storfjordens Venner har engasjert seg i, mellom anna gjev organisasjonen ut Storfjordkalendaren kvart år før jul, eit sal som gav ei netto inntekt på 65.000.- kroner.

Til slutt i årsmeldinga blir det delt ut gode ord til mange for innsatsen siste året, både til medarbeidarar, tillitsvalde, einskildpersonar, og for mange rause gåver mellom anna frå næringslivet og handelsstanden.
-Utan denne positive støtta ville arbeidet vårt bli tyngre og vanskelegare, heiter det i årsmeldinga.

Vedlikehaldsprosjekt 

I 2024 var Storfjordens Venner engasjert i restaurering og vedlikehald av fleire prosjekt. Vi tek dei med her;
Smogelia, forstøtningsmur, vegmur
Beithoggnaustet, Ljøen
Ystarhus, Ytste Skotet.

I 2025 er verne/vedlikehaldlista også lang;
Ytste-Smoge, omlegging av skifertak og reparasjon av skorstein
Ospahjellen, stovehus
Ytste-Smoge, nystova
Matvika, kai og steinvor

I 2026 er desse prosjekta planlagde;
Horvadraget, stovehus
Smogelia, naust
Djupdalen, råsutbetring
Furneset, sjøvegen.

Styret i 2024

Styret i Storfjordens Venner har i 2024 vore samansett slik;
Leiar Inge Bjørdal
Nestleiar Arne Olav Furstrand
Styremedlemer
Kjell Martin Ringset, Kristi Linge Stakkestad, Eva Hove, Irene Tafjord Løvoll, Jens Petter Søvik.

Varamedlemer til styret;
Ann-Iren Høgalmen, Reidar Furset, Merete Løvoll Rønneberg.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380