Attval i Gamleskulen aktivitetsmuseum
På loftet i gamleskulen planlegg styret å lage monter der det vert utstilt bilder, fortel leiar Arne Ringdal.
Gamleskulen aktivitetsmuseum har halde årsmøte måndag 24. mars der det vart lagt fram årsmelding og rekneskap med positivt resultat. Og val av styret vart attval.
Den gamle skulestova på Hellesylt er i god stand i 2025. Her har det blitt arrangert fleire tilstelningar, både inntektsbringande tiltak, og til underhaldning det siste året. Den snart 130 år gamle skulestova på tomta i Hellesylt sentrum er velhalde, og ligg på eit vakker uteområde med grøn plen og beplanting.
Årsmelding og rekneskap.
For å halde eigedomen i stand er det årleg blitt halde dugnader. I årsmeldinga blir det fortalt om arbeidsmøter frå tidleg vår og utover både utvendig og inne.
Under Hellesyltdagane var gamleskulen som vanleg open både på laurdag og søndag og mange kom inn til kaffi, kaker og tombola.
Seinare på sommaren kom ei større syskenbarngruppe på besøk og fekk omvising og informasjon om Gamleskulen av leiaren i styret Arne Ringdal. Etterpå vart det gatevandring og vekt på bygg som syskena hadde tilknyting til.
I årsmeldinga står å lese også om tilstelningar i adventstida, som 7. desember med utlodding og sal av kaffi og kaker. Denne dagen tona også julesongane ut i den gamle skulestova med Bjarne Sjåstad ved orgelet.
Nokre dagar seinare kom dei fire fyrste klassestega ved skulen på Hellesylt på besøk og vart mottekne og fekk informasjon om Gamleskulen og meir av Kari, medlem av styret.
Året 2024 vart avslutta med konsert av gruppa Fossedur sjette juledag med Olav Elling Gausdal, Bjarne Sjåstad, Jostein Ringdal og Oddbjørg Stadheim som aktørar. Det vart to trivelege kveldstimar med kaffipause midtvegs i konserten.
Økonomien i laget er god, står å lese i årsmeldinga. Av ei omsetning på vel 37.000.- var overskotet på 3.500.- Laget har knappe 123.000.- kroner i banken ved årsskiftet, og årsmøtet vedtok at medlemskontingenten for komande år blir uendra, kroner 100.-
Val
Det vart inga endring av styret i Gamleskulen aktivitetsmuseum for komande år.
Arne Ringdal held fram som leiar, og styremedlemer er;
Marit Ljøen, Odd Jostein Bjørdal, Kari Hauso Stadheim, Eldrid Skrede.
Varamedlemer: 1. Ann Kristin Langeland, 2. Gunhild Kvam, 3. Fredrik Stadheim.