Lokalnytt

Attval i Sunnylven Idrottslag

Tarjei Korsbrekke er leiar i Sunnylven Idrottslag.

Tarjei Korsbrekke held fram som leiar i Sunnylven Idrottslag. Også resten av hovudstyret og dei fleste i undergrupper tok attval på årsmøtet 12. mars.

Sunnylven Idrottslag har lagt bak seg eit godt år både sportsleg og økonomisk i 2024, det kom fram då laget hadde sitt årsmøte onsdag 12. mars. Både årsmelding frå hovudstyret og frå undergrupper fortalde om god sportsleg aktivitet og med eit bra økonomisk resultat for laget.

Hovedstyret har stått for fleire større tiltak og arrangement i året som gjekk. Vi tek med at laget var som tidlegare år arrangør av 17. -mai feiringa i Sunnylven, det vart arrangert Hellesyltløp under Sommardagar i juli, laget har delteke under innsamlingsaksjon, og arrangert julelotteri.
Sparebanken Møre er hovudsponsor for Idrottslaget, ein avtale som går ut i desember 2027.

Også frå undergruppene vart det lagt fram gode årsmeldingar som viste til stor aktivitet.
I skigruppa vart det arrangert fem renn dette året med premiefest og utdeling av merker under påskebingo på samfunnshuset. I skigruppa er Magnar Tufte Tyssen leiar.

Fotballgruppa hadde med fem lag i seriespel dette året, dei fleste som sjuar-lag. Det vart mange spanande oppgjør på stadion der publikum møtte talrikt fram. Fotballen rulla jamt og trutt på Hellesylt stadion frå tidleg vår til seint på hausten. Leiar i gruppa er Leif Rune Tryggestad.

Banenemda hadde ei kort melding, men fortalde om at vinden skapte litt problem med reklameskilta ut over hausten. Dei måtte takast ned og på lager. I banenemda er Frode Nessan leiar.

Hellesylt treningssenter har sine lokale i fyrste etasje hos Trygg Trykk. Også der har det vore stor aktivitet det siste året. Her er Susanne Margrete Ringdal leiar i styret.

Trimgruppa var medarrangør av Hellesyltløpet som samla rundt 80 deltakarar dette året. Det har blitt arrangert fleire trimtreff , fjellturar, og trimgruppa har vore aktiv med i realisering av den nye Gapahuken oppom Ringdal. Den vart offisielt opna av ordførar Einar Arve Nordang.

Rekneskapen i Sunnylven IL er ført av Hellesylt Rekneskap.
Resultatet for dei enkelte gruppene var slik;

Hovedstyret   329.000.-
Friidrett               6.600.-
Fotball               46.000.-
Anlegg           – 373.000.-
Ski/skiskyting -24.000.-
Trim                    27.000.-

Medlemstalet i Sunnylven Idrottslag låg på rundt 400 og har halde seg stabilt.
Siste året var 68 grupper med familiemedlemer, 71 var støttemedlemer, og 4 betalte som aktiv medlem.
Medlemskontingenten var på totalt 52.950.-

Styret i Sunnylven Idrottslag:
Leiar: Tarjei Korsbrekke
Nestleiar: Rune Hole
Leiar fotball: Leif Rune Tryggestad
Leiar skigruppa: Magnar Tufte Tyssen
Leiar trim/friidrett: Per Svein Hole
Leiar Hellesylt treningssenter: Susanne Margrete Ringdal
Leiar banenemda: Frode Nessan.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380