Fantastisk NM-løp av Kristine Hjellbakk Hole
Kristine Hjellbakk Hole kan smile, for i NM del 2 gjekk det styggfort på 5.0 km. fri.
Kristine Hjellbakk Hole har funne go`forma til NM del 2 i langrenn. På Hovden gjekk det styggfort på 5.0 km. fri fredag.
Det er nesten synd at langrennsesongen snart er slutt for Kristine Hjellbakk Hole. I NM på Hovden viste ho at forma er på topp, betre enn nokon gong tidlegare denne sesongen.
På 5.0 km fri vart det ein sterk 11. plass, berre 28.1 sek. bakk vinnaren, meir kjente Heidi Weng.
Kristine som går for Sunnylven IL / Team Midt-Norge deltek framleis i klasse 19 – 23 år. Der gav sluttida ein flott 6. plass. berre 9.7 sek bak vinnaren Marit Mikkelsplass.
hellesylt.info gratulerer Kristine Hjellbakk Hole så mykje med flotte resultat i langrennssporet.