Forfattarmøte med Maria Lavik
Maria Lavik kjem til Storfjord kulturhus tysdag 1. april. Der får publikum høyre henne fortelje om odelsrett, livet på bygda og i byen.
I boka si «Odelsskam» skildrar odelsjenta Maria Lavik oppveksten på eit småbruk på Vestlandet. I «Odelsskam» skildrar ho ein gard, ein plass og ein tilstand som held på å gleppe mellom hendene på forfattaren.
Samanvove med hennar eiga historie er den særnorske over tusen år gamle odelsretten.
«Odelsskam» er ei nær og rørande historie om tradisjonar og endring.
I Storfjord kulturhus kan ein 1. april klokka 19.00 møte forfattaren og høyre henne fortelje denne spesielle historia om odelsrett, livet på bygda og i byen.