Glade spelemenn besøkte omsorgssenteret
Mykje vakker song og spel av Gutta Boys på Sunnylven omsorgssenter laurdag.
Siste laurdag i mars kom fem spelemenn på besøk til Sunnylven omsorgssenter. Det vart ei triveleg stund for bebuarar og fleire pårørande.
«Gutta Boys» kalla dei seg dei fem godt vaksne karane frå Ålesund. Laurdag var dei på rundreise med si songstemme og ein pianist til Hellesylt, og deretter til Stranda.
På omsorgssenteret underheldt dei med vakre, friske songar, både på norsk, engelsk og til og med på italiensk. Alt gjekk bra med alle tekstar, og applausen var både stor og varm for dei fem.
Å reise rundt og underhalde på omsorgssenter og liknande er ein hobby for dei fem, boybandet frå Ålesund og det argaste på Sunnmøre!
-Vi har reist land og strand rundt, også til Nord-norge og underheldt med songen vår, fortalde dei innleiingsvis.
Dei fem opna med «De nære ting» ein kjent og kjær norsk slager, og oppfrisking av stemmebanda, sa dei.
Så heldt dei fram med «Hva er livet uten deg», og deretter kom ein italiensk kjent og kjær song. Så mykje var den brukt at den nesten var rekna som nasjonalsong, påstod dei. Veldig bra var det i alle høve.
Det var også den neste med engelsk tekst, melodiøst og vakkert til stødig pianospel.
På programmet hadde dei også ein vakker salme, og så var det ein av Cliff Richard sine mange store slagerar «Lucky Lips».
Den flotte konserten vart avslutta med «Vi vandrar saman» av Olav Stedje.
Arrangør av konserten med «Gutta Boys» på Sunnylven omsorgssenter var Frivilligsentralen på Stranda, og med støtte frå Den kulturelle spaserstokk.