Lokalnytt

God aktivitet i Sunnylven sanitetslag

Sunnylven sanitetslag hadde mange tombolagevinstar , og nesten alle gjekk ut også denne gongen.

Det er stor aktivitet i Sunnylven sanitetslag. Sist laurdag var det fastelavnskafe på samfunnshuset, og denne veka startar kurset Sterk og stødig opp.

Fastelavnskafeen til sanitetslaget konkurrerte om kundane med ski-VM i Trondheim laurdag, og det vart bra frammøte på begge plassar.
Leiar Hilde Langlo Brekke fortel om godt besøk på samfunnshuset dei to fyrste timane av kafeen, men så dabba det av då sendinga frå ski-VM starta.
-Vi er godt fornøgde med frammøtet og kafeen . Det gjekk ut mykje både av lodd og gevinstar, kaffi og fastelavnsbollar. Litt vart igjen, men det brukar det alltid å vere for vi er rause med tilboda i sanitetslaget, seier Hilde. Ho trur resultatet vart omlag som det brukar å vere også denne gongen.

Det vart ikkje seld fastelavnsris på kafeen i år. 8. klasse ved Sunnylven skule hadde fått jobben med å selge ris rundt om i bygda og dei hadde selt ut alle, i alt 100 ris. For jobben får dei halvparten av inntekta og pengane går til klasseturen deira, fortel Hilde.

Fyrste laurdag i mars vart ein aktiv og flott dag for sanitetslaget også i år. Og snart er det nye aktivitetar i laget når kurset Sterk og stødig startar opp. Det skjer alt på tysdag 4. mars med fleire lokale instruktørar. Leiaren i sanitetslaget kjenner ikkje til kor mange som har meldt seg på, men ryktet seier det skal vere bra, seier Hilde Langlo Brekke.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380