Gudsteneste og årsmøte i Sunnylven kyrkje
Det blir gudsteneste i Sunnylven kyrkje søndag 9. mars klokka 11.00. Det skriv Fjordaprest Ann Kristin Langeland i e-post der ho fortel om besøk av 10-åringar, og meir frå kyrkja
– Sist veke var 10-åringane inviterte til samling på kyrkjelydshuset. Saman med trusopplærar Janne Frøysa Hånes fekk dei laga sine eigne Kristuskransar. På søndag er dei inviterte til kyrkja der dei skal få utdelt boka Elise, Leo og perlene.
Men det er ikkje berre 10-åringane som vert inviterte til kyrkja på søndag, både små og store er hjarteleg velkomne. I gudstenesta vil vi bruke Kristuskransen aktivt, slik at vi alle kan lære meir om den.
Etter gudstenesta er det eit kort årsmøte med ein enkel kyrkjekaffi. Årsmeldinga syner at det har vore eit fint år i kyrkja i Sunnylven. Frå statistikken kan vi sjå at folket i Sunnylven sluttar opp om kyrkja. Sjølv om det diverre er få barnefødslar i bygda, så har vi fine dåpstal. Dette heng saman med at utflytta Sunnylvingar kjem «heim» for å døype i «si» kyrkje, det set vi pris på.
Vi har også 100% oppslutnad om konfirmasjon. Gudstenestedeltakinga er stabil, og vi har eit etter forholda høgt gjennomsnitt på gudstenestene. Dette heng saman med dei store festdagane som julaftan, 17. mai og konfirmasjon. Men vi har også hatt god oppslutnad om nyårskvelden og «pusteromma».
Utfordringa er å motivere til kyrkjebesøk på dei vanlege søndagane.
Vi ynskjer at kyrkja skal vere relevant i folk sine liv, både i glede og sorg, i kvardag og fest, og vi gler oss til søndag 9. mars kl 11.00 og håpar å sjå 10-åringane og mange andre i kyrkja.
Vel møtt skal de vere,-
skriv Fjordapresten Ann Kristin Langeland.
Her er ein Kristuskrans ferdig laga.