Held fram som leiar i Sunnylven samfunnshus
Eivind Louis Helset er leiar i styret for foreininga Sunnylven samfunnshus.
Eivind Louis Helset held fram som leiar for styret i Sunnylven samfunnshus. Årsmøtet i foreininga vart halde torsdag 13. mars.
Det var få frammøtte då foreininga Sunnylven samfunnshus heldt sitt årsmøte torsdag. Her vart årsmelding og rekneskap framlagt og samrøystes vedteke.
Foreinga har hatt eit år med fleire arrangement og samlingar for vaksne og ungdom.
Mellom anna vart det i mai arrangert stand-up og dans av styret. På scena fekk publikum møte komikar Maria Stavang, og etterpå var det dans til musikk av musikar Kjetil Grodås.
I vinterferien var ungdom i bygda samla eit heilt døger til Lan-party i ungdomslokala i samfunnshuset. Styret, foreldre var vakter, og med hjelp frå sanitetslaget til servering av frukost.
Fristaden som klubben heiter har eige rom i samfunnshuset og der har det blitt fleire samlingar gjennom året, og med juleavslutning i desember med tradisjonsrik julemat og julefilm på storskjerm. I Fristaden kan ungdom samlast utan anna krav enn å vere der og ha det triveleg og sosialt, -står å lese i årsmeldinga..
Styret har det siste året halde seks styremøter og hansama rundt 20 saker.
I 2024 har styret kjøpt inn prosjektor og lerret. Dette er flyttbart og kan nyttast både i Fossedursalen og på scena.
Økonomi
Rekneskapen for foreininga viser eit underskot på 10.000.- kroner. Dette er langt mindre enn i fjor då resultater var minus 383.000.- kroner etter oppussing.
Driftsinntektene i 2024 var på 256.000.- kroner. Utgiftene kom på knappe 201.000 så då vart overskotet i drifta på vel 55.000.- kroner.
Finanskostnader, rentekostnader på lån var på vel 65.000.- kroner.
Etter vedlikehald av samfunnshuset håper leiinga å få utbetalt det siste av spelemiddel-tilskot frå fylket på ein million kroner, noko som vil gjere samfunnshuset stort sett gjeldfritt. I dag er sum eigenkapital og gjeld på knappe 1.2 mill. kroner.
Val av styre
Eivind Louis Helset held fram som leiar i styret for Sunnylven samfunnshus.
Styremedlemer er Ragnhild Stadheim, Barbro Lade, Geir Støverstein (ny), Erna Hellebostad (ny).
Varamedlemer: Gunn Elise Gjeldsvik, Egil Røyrhus.
Revisor: Oddbjørg Stadheim
Utleige av samfunnshuset
På årsmøtet vart det diskutert korleis ein skal få tilby samfunnshuset meir til utleige til andre lag og organisasjonar for å få auka inntekter. Dette vil styret arbeide meir med framover.