Imponerte med konsert på Hellesylt
Hornindal songlag besøkte Hellesylt siste søndag i mars med konsert på samfunnshuset. Og Grand Prix-låtane vart ei gla`stund for dei mange frammøtte.
Hornindal songlag kom til Hellesylt med Grand Prix-konsert søndag. I alt seksten av låtane frå slutten av 1950-talet og framover vart framført på strålande vis.
Hornindal er kjent for gode musikarar, spesielt på fele, men no er korsongen kanskje like god som dei gamle felespelarane. Dei tjuge i koret og fire-fem musikarar imponerte i alle høve stort i samfunnshuset på Hellesylt, ein songtime mange tok med heim og gleda seg over.
Songane denne gongen, i alt 16 melodiar var frå tidleg på 1950-talet og framover. Det opna med «Voi Voi» og så heldt dei fram med «La meg vere ung». Deretter kom «Lykken er», og så ein med mister Grand Prix sjøl, Jan Teigen sin «Mil etter mil». Den songen fekk null poeng, fekk vi oss fortalt og det same fekk neste «Aldri i livet». Med Hornindal songlag si framføring kunne vi gjerne gjeve både ti og tolv poeng for låtane.
Deretter var det «Adeø» frå 1983, og så ein ny Jan Teigen-låt «Do re mi», før vinnarlåta med Bobbysocks frå 1985 og «La det svinge» kom. Og i Sunnylven samfunnshus svinga det flott også frå Hornindal songlag.
Vidare på programmet fekk publikum høyre «Romeo», «Ei hand å holde i», «Optimist» og «Nocturne», ein song framført i Grand Prix av Jan Werner Danielsen».
Songlaget avslutta den vel timelange konserten med «Fairytale», ein ny vinnarlåt frå Norge med Alexander Rybakk og som sanka nesten berre 12-poengarar frå alle land.
At musikkreftene står høgt i nabobygda var vi klare over frå tidlegare. På Hellesylt viste songlaget at også korsongen er på eit imponerande nivå. Vi var mellom mange som kosa oss i Sunnylven samfunnshus søndag, og som ønska at konserten skulle vare enno lenger.
Håpet får vere at Hornindal songlag kjem tilbake med nye Grand Prix-låtar ein gong seinare.