Lokalnytt

Karneval i Fjellrosa 4H

Rundt 40 medlemer og gjestar var med på karneval i Fjellrosa 4H.

Fjellrosa 4H er ein av dei største og mest aktive 4H-klubbane i Møre og Romsdal. Nyleg var det karneval på Sunnylvsbygda grendahus.

Alle foto: Dovil Sundgot

Fjellrosa 4H har 20 medlemer. Under karneval på Sunnylvsbygda grendahus var dei dobbel så mange då alle medlemar kunne invitere med seg ein ekstra, dei fleste frå fyrste klasse ved Sunnylven skule.
Det vart to trivelege timar med kiosk og mykje leik og moro på grendahuset, fortel mangeårig klubbrådgjevar Silje Kristin Stadheim.

-Karneval i Fjellrosa 4H er eit årleg arrangement for medlemer og andre inviterte der dei er utkledde i alle slag kostymer. Her blir det mykje prat og morosame aktivitetar, to veldig kjekke timar på grendahuset.

Om få veker skal medlemane velge sine 4H-oppgåver for året, saker som dei skal jobbe med og lage si eiga utstilling på haustfesten i klubben i september eller oktober. Utvalet av oppgåver er stort i 4H så medlemane finn heilt sikkert ting som både er lærerikt og morosamt å halde på med, seier Silje.

Og at det var moro å treffast på karneval i grendahuset siste dagen i februar har vi i alle fall fått inntykk av. Kanskje blir det meir moro ut over våren og sommaren i 4H.
Fjellrosa 4H har eige styre som leiar medlemsmøter.
Desse er med i styret:
Tora leiar, Elias nestleiar, Fredrik og Jakob sekretærar, Sune kasserar, Saga Imilie styremedlem.
Klubbrådgjevar A; Silje Kristin Stadheim.
Klubbrådgjevar B: Dovil Sundgot

I kiosken stod Sofia Kristina t.v. og Erle.

Mangeårig klubbrådgjevar Silje Kristin Stadheim kunne ta seg ein velfortent ridetur på «hesten» etter karnevalet.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380