Lokalnytt

Korpskonsert og lys i Hellesyltfossen

Det var mykje folk på Sunnylven skulekorps sin vårkonsert fredag kveld.

Det var triveleg på Hellesylt fredag kveld. På samfunnshuset spela Sunnylven skulekorps, og etterpå vart det lystenning i Hellesyltfossen. Ein stor kveld i godt vårver.

Det var kjekt å sjå så mykje folk på vårkonserten til skulekorpset, sa dirigent Trond Otto Berg då han ønska forsamlinga vel møtt til konsert i Sunnylven samfunnshus fredag kveld.
Han retta også gode velkomstord til ordførar Einar Arve Nordang som var til stades og skulle få si oppgåve litt seinare på kvelden. Ordføraren takka så mykje og la til at det var kjekt å få vere til stades på konsert.

Sunnylven skulekorps har framleis 13 – 14 gode musikarar og takt og tone er upåklageleg. Fredag kveld var det mest nye låtar dei framførte, men det var som vanleg flott å høyre på, og applausen let ikkje vente på seg denne kvelden heller. Nokre av melodiane var henta frå den såkalla «raude boka», eit hefte med mange korpsmelodiar i.
Korpskonserten lova godt for komande opptredener der spesielt 17. mai og folketoget gjennom sentrum av Hellesylt er eit av høgdepunkta med Sunnylven skulekorps.

Eit skuleband spela og imponerte stort med to songar, både med vokal og instrumentalt.

Som vanleg var det servering av kaffi og kaker i ein pause, før ei ungdomsgruppe frå skulen entra scena. Sju 10-klassingar har band i Kulturskulen og stilte på scena med gitar, tangentinstrument og slagverk og framførte to melodiar med vokal til. Eit flott innslag som hausta stor applaus frå den talrike forsamlinga med publikum. På Sunnylven skule lærer dei tydeleg vis meir enn å rekne og lese.

Frå Sparebanken Møre kom det store pengegåver, både til skulekorpset og til Hellesylt Næringslag og lys i Hellesyltfossen. Frå venstre Stig Tryggestad, Trond Otto Berg, Ole A. Ringdal og Oddbjørg Stadheim.

Til slutt under konserten på samfunnshuset vart det utdelt store pengegåver til skulekorpset og Hellesylt Næringslag frå Sparebanken Møre.
På vegne av Sunnylven skulekorps mottok dirigent Trond Otto Berg gåva på heile 231.000.- kroner og takka så mykje. Han var overvelda av den storfine pengegåva som kom godt med til både instrumentkjøp og andre utgifter, sa han. Han takka for gåva som han sa var eit flott tilskot til økonomien i Sunnylven skulekorps.

Men den aller største gåva frå Sparebanken kom til Hellesylt Næringslag. Den var på 750.000.- kroner, eit beløp som var tenkt som tilskot til lyssetjinga av Hellesyltfossen. Ole Arnstein Ringdal tok i mot på vegne av Næringslaget og takka så mykje.

I Hellesyltfossen kom det lys på om fredag 28. mars. Kostnaden på over ein million hadde Sparebanken Møre teke del i med 750.000.- kroner. Ordførar Einar Arve Nordang klipte snora ved opninga. Til høgre Ole A. Ringdal frå Hellesylt Næringslag.

Tende lys i Hellesyltfosse

Kanskje var pengegåva til Næringslaget alt brukt, for frå Hellesylt bro kunne alle sjå ein vassrik Hellesyltfoss opplyst som aldri før.
Ordførar Einar Arve Nordang stod for lysopninga av Hellesyltfossen og klipte snora i nasjonalfargar og lyset kom på i fleire fargar i heile fossen, også bak Høge bru. Då spela Sunnylven skulekorps opp med «Sunnylvsmasjen». Det var nesten ei høgtidsstund ved brua denne kvelden.

Lysetting av Hellesyltfossen har kosta rundt ein million kroner, betalt av Hellesylt Næringslag og Sparebanken Møre, fekk vi oss fortalt. Men du verden, no var Hellesyltfossen flott også i mørke.

Slik ser Hellesyltfossen ut no på mørke kveldar

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380