Nytt godt NM-løp på Hovden
Kristine Hjellbakk Hole.
Det vart ein ny, god dag for Kristine Hjellbakk Hole under NM på ski laurdag.
På laurdag var det 30 km. klassisk for damer under NM på ski på Hovden. Mellom svært mange deltok også Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven / Team Midt-Norge og kom i mål til ei god plassering.
Det vart 21. plass i senior og ein sterk 7. plass i klasse U-23.
Avstanden fram til vinnaren Heidi Weng og pallplass vart større på den lange distansen laurdag, men plasseringa mellom norgeseliten var god, spesielt i klassa for U-23 løparar.
Kristine har hatt eit flott NM og hevda seg mellom dei beste i landet på dei to distansane ho har delteke i.
Det blir spanande å følge utviklinga vidare neste år.