Potetball i pensjonistlaget
Inghild Storstein las forteljing på mars-møtet i pensjonistlaget
Mellom 50 og 60 kom til mars-møtet og balltreff i Sunnylven pensjonistlag 27. mars. Der var det også underhaldning og trekning av mange fine gevinstar.
Sunnylven pensjonistlag inviterte på potetball då laget hadde medlemsmøte torsdag 27. mars. Det såg ut til å falle i smak hos alle som var på pensjonistmøtet i kyrkjelydshuset. Måltidet med potetball bestod også av poteter, kålrot, salt kjøt og steikt flesk. Med andre ord, eit norsk tradisjonsmåltid som smaka framifrå.
I motsetning til tidlegare medlemsmøter i pensjonistlaget var det få programpostar denne gongen. Men Inghild Storstein var til stades og las ei forteljing som hadde namnet -«Sanden i timeglaset er i ferd med på renne ut».
I tillegg orienterte leiar Astrid Langeland om saker frå eit møte ho hadde delteke på i fylkeslaget.
Framover blir det ny samling i Sunnylven pensjonistlag onsdag 23. april.
Til dette møtet kjem Odd Normann Hoff frå Storfjordens Venner der han fortel om foreininga sitt arbeid med bevaring av fjord -og fjellgardane langs Sunnylvsfjorden og Geirangerfjorden.
Her blir det servert nonsmat med mykje godt attåt, står å lese i innkallinga. Og det blir tombola.
Seinare i mai, den 24. planlegg Sunnylven pensjonistlag utflukt med buss til Olden, Byrkjelo, Sandane og heim etter Panoramavegen. Denne turen, og feiring av jonsok i Trivselshagen på Hellesylt kjem vi tilbake til seinare.
Leiar i Sunnylven pensjonistlag Astrid Langeland.