Opplevingar i Sunnylven Pensjonistlag
Det blir potetball med smakfullt tilbehør på møte i Sunnylven Pensjonistlag 27. mars.
Det blir både møter og turar med smakfulle opplevingar framover mot sommaren i Sunnylven Pensjonistlag.
Sunnylven Pensjonistlag har sendt ut programmet for våren fram mot sommaren. Der kan ein lese om både møter med god servering, og turar med buss til nære og kjente turistområder.
Det er sett opp møter og turar kvar månad fram over våren mot sommaren. Eit aktivt halvår blir avslutta i Trivselshagen ved Sunnylven omsorgssenter 23. juni klokka 13.00 med jonsokgraut, spekemat, kaffi og kaker, og underhaldning. Laget satsar på godt ver slik at arrangementet kan avviklast utandørs.
Men før det blir det samling i Kyrkjelydshuset 27. mars og servering av potetball med tilbehør. Under møtet her blir det ord for dagen ved Inghild Storstein, og tombola.
Laget ønskjer påmelding til arrangementet til Astrid tlf. 906 75 234, eller Odd Jostein tlf. 957 52 330. Pris for servering og underhaldning som startar klokka 15.00 er kr. 100.-
I månaden etter blir det nytt møte i Kyrkjelydshuset onsdag 23. april kl. 15.00
På programmet står ei «vandring» i Storfjordens Venner sitt virke langs Sunnylvsfjorden og Geirangerfjorden, ved Odd Normann Hoff. Ein aktiv aktør i vern og restaureringsarbeid av bustader og bygningar langs med dei to fjordområda.
På møtet blir det servert nonsmat, og det blir tombola.
I mai legg Sunnylven Pensjonistlag ut på tur i buss til nabofylket i sør. Turen startar klokka 11.00 frå Hellesylt og går til Singerheimen i Olden, og vidare til Byrkjelo, Sandane og med heimreis etter Panoramavegen.
På Singerheimen blir det omvising og servering av heimelaga pizza, før reisa held fram til Byrkjelo og nytt stopp ved bakeriutsalet der.
Kanskje blir det ein tur også i Trivselsskogen på Sandane med servering om veret er på lag, før reisa held fram etter Panoramavegen frå Lote til Stryn.
Rundt klokka 19.00 er turen over og heime på Hellesylt igjen.
Heile turen kostar kr. 500.- og frist for påmelding er sett til 20. mai til Astrid eller Odd Jostein.
Sunnylven Pensjonistlag ønskjer vel møtt til alle arrangement!