Lokalnytt

Åtte av tusen!

Blant over tusen deltakarar stod der åtte frå Sunnylven under årets Liatoppen Skiskyttartreff.

Tekst / Foto: Eivind Louis Helset

Over tre solrike dagar vart det arrangert stafett og individuelle konkurransar i skiskyttaranlegget i Ål kommune. Liatoppen Skiskyttarfestival har sidan 1987 samla skiskyttarar i alle aldre, men dei siste åra har det vore avgrensa ved 16 årsalderen. I år var det nær 1100 påmelde frå 11 nasjonar.

Avslutning på sesongen

Liatoppen skiskytterarena ligg på om lag 950 høgdemeter og er vanlegvis ein garantist for snø under arrangementet. I år var det likevel knytt spenning til om det var nok snø til å gjennomføre konkurransane. Dei frivillige skal ha skryt etter å ha gjort ein kjempeinnsats der dei fekk samla nok snø til at dei unge håpefulle kunne konkurrere over tre dagar.

Konkurransane er dei siste i årets sesong og markerer slutten på skiskyttarsesongen for Sunnylven IL som reiste med åtte deltakarar i alderen 9 til 15 år.

Alma Hole Flo

Ane Brenne Ringdal

Vekslar fyrste dagen

Den fyrste konkurransen er stafett i ulike aldersgrupper. Her går ikkje dei aller yngste deltakarane, men Sunnylven var likevel representert på tre lag.

Det fyrste laget som fekk testa løypene var miks klubblag 13-16 år, samansett av Oskar, Tuva Marie og Ane. I denne klassa konkurrerer klubbar mot kvarandre, men er samansett av begge kjønn og i ulike aldersgrupper. Sunnylven kom inn til 23. plass av 35 lag.

På tvers av klubbane Valldal og Sunnylven var Emma saman med Henrik og Helle frå Valldal i miks 11-12 år. Saman med Andreas og Aksel frå Stårheim gjekk Alma i same klasse.

Fredagen vart avslutta med stjernespekka opningsshow der deltakarane fekk oppleve blanda underhaldning frå scena. Dei fekk også sjansen til å kome nær stjerneskota Vebjørn Sørum og Isak Leknes Frey.

Emma Korsbrekke

Henrik Hole Flo

Lang dag

Frå fyrste til siste løpar gjekk ut i løypa er det åtte klokketimar som skil når konkurransen er sprint på laurdagen. Fyrst ute av Sunnylven sine løparar var Emma i klasse J12. Saman med ho i denne klassa deltok over 80 skiskyttarar. I klasse J11 konkurrerte Alma mot nesten 50 andre.

Flest deltakarar frå Sunnylven og også den største pulja var det klasse Nybyrjarar 10 år og yngre som samla. Her var det totalt 184 påmelde og frå Sunnylven gjennomførte Henrik, Marte og Sakarias til veldig godkjent av alle tre.

Frå Sunnylven deltok også Ane i klasse J13, Tuva Marie i klasse J14 og Oskar i klasse G16.

Laurdagen vart avslutta med klassedelt premieutdeling i Ål kulturhus. Her vart kvar enkelt løpar presentert med namn og med bilde frå skisporet på storskjerm. På scena fekk dei utdelt premie av Vebjørn Sørum.

Marte Brenne Ringdal

Sakarias Helset Ringdal

Full fres til slutt

Også den tredje dagen av konkurransane var vêrgudane med arrangøren. Det var likevel ikkje like mildt som dei to føregåande dagane og løypa var nok litt hardare enn laurdagen.

Dei yngste klassene vart sendt ut i sporet på tradisjonelt vis med intervallstart.

Dei eldste klassene var hakket meir fartsfylt ut frå start då det var fellesstart med rundt 30 løparar på startstreken. Det var eit hattefok når startskotet gjekk og det var om å gjere å legge bak seg flest mogleg meter på raskast mogleg tid. Det gjekk stort sett likevel pent for seg, men både stavbrekk og småskader vart observert.

Tuva Marie Korsbrekke

Oskar Ringdal.

Alle Sunnylven sine deltakarar gjennomførte konkurransen også søndag. Komplette resultatlister kan ein finne gjennom Liatoppen sine internettsider.

Frå Sunnylven deltok Henrik Hole Flo, Marte Brenne Ringdal, Sakarias Helset Ringdal, Alma Hole Flo, Emma Korsbrekke, Ane Brenne Ringdal, Tuva Marie Korsbrekke og Oskar Ringdal.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380