Attval på Stig Tryggestad i Hellesylt Næringslag
Hellesylt Næringslag fekk 750.000.- til lyssetting av Hellesyltfossen. På bildet Ole Arnstein Ringdal, næringslaget og Oddbjørg Stadheim, Sparebanken Møre.
Stig Tryggestad held fram som leiar i Hellesylt Næringslag. Nye styremedlem vart Helge Karbø og Tarjei Korsbrekke.
Det var godt frammøte på årsmøtet då Hellesylt Næringslag heldt årsmøte 29. april. Rundt 25 – 30 personar møtte og fekk framlagt ei fyldig årsmelding frå laget. Største utgiftsposten siste år var ny lyssetjing av Hellesyltfossen, ein kostnad laget delte med Sparebanken Møre. Det heile kosta rundt 1.0 mill. kroner, og av dette var tilskotet frå banken 750.000.- sa Stig Tryggestad som refererte årsmeldinga.
Hellesylt Næringslag har vore aktiv også i andre saker, mellom anna er laget med i arrangementet av Hellesyltdagane. I år blir desse arrangert frå 4. til 6. juli.
Ved val av styre vart det attval av leiar Stig Tryggestad. Som styremedlemer for Jan Sverre Sivertsen kom Helge Karbø inn, i tillegg til Tarjei Korsbrekke. Andre styremedlemer i Hellesylt Næringslag er Ramazan Øcal, Bente Bonsaksen og Ole Arnstein Ringdal.
På årsmøtet vart det orientert og drøfta saker som vil påverke utviklinga på Hellesylt dei nærmaste åra, og då spesielt trafikale forhold. Det vart orientert om planar for flytting av ferjekaia, og om planar som Stranda Havnevesen jobbar med for ei «Kjellarbrygge» i sjøen ved ferjekaia.
-Vi må ha ei ferjekai som kan brukast kvar dag, sa Inge Hole som er med i ei plangruppe for ny ferjekai på Hellesylt. Møre og Romsdal fylkeskommune, Stranda kommune og Flakk gruppen AS vil ha ny kai i sjøen mellom Ole Ringdal AS og Hydro-stasjonen.
-Vi må bygge ny ferjekai på Hellesylt, for trafikken over brua til ferjekaia er ikkje bra nok i framtida, sa Hole.
Han hadde eit lenger innlegg på møtet med informasjon om planane for den nye kaia, og som han sa vil bli godkjent fyrste kvartal i 2026.
I tida fram til då vil det bli meir orientering om planane og halde fleire folkemøte, sa Hole.
Hamnesjef Rita Berstad Maraak orienterte om Stranda Hamnevesen og planar dei jobbar med for ei «Kjellarbrygge» i sjøen, montert til Hellesylt kai. Eit spanande prosjekt som skal kome også ved fleire av hamnene i Stranda kommune.