Ei «reise» mellom gardar i fjorden
Astrid Langeland takka Odd Normann Hoff så mykje for foredraget og overrekte han ei lita gåve frå laget.
På medlemsmøte i Sunnylven pensjonistlag fortalde Odd Normann Hoff interessant om fjordgardar i Sunnylvsfjorden og Geirangerfjorden og livet der i eldre tid.
Det vart ein time med gode historier, kvardagsliv, vøling av hus, og meir frå fjellgardar langs fjorden då Odd Normann Hoff kom til medlemsmøte i Sunnylven pensjonistlag. Der fortalde han om Storfjordens Venner og arbeidet i organisasjonen gjennom 50 år.
På Sunnylven kyrkjelydshus var nær 60 personar til stades på vårmøtet i pensjonistlaget, og her fekk dei høyre den pensjonerte lærarer fortelje levande og interessant frå livet på fjord -og fjellgardane som no er lagde ned.
Leiar i pensjonistlaget, Astrid Langeland ønska alle, også dagens kåsør velkomen til møtet. Onsdag 23. april var ein fin vårdag så då var det naturleg å opne med salmen «No livnar det i lundar», tykte ho. Og slik vart det.
Odd Normann Hoff opna sitt innslag med å fortelje om starten til Storfjordens Venner. Organisasjonen vart skipa 14. juli 1975, og feirer i år 50 år. Leiar i jubileumsåret er sunnylvingen Inge Bjørdal.
Økonomien til organisasjonen kjem gjennom prosjekttilskot, medlem -og organisasjonstilskot og sal av Storfjordkalendaren. Totalt har organisasjonen forvalta rundt 30. mill. kroner på verne og vedlikehaldsarbeid.
I tillegg har det dei siste åra blitt laga 60 Tv-program om vedlikehald og restaurering av bygningar, fortalde Hoff.
Han kom så inn på fleire vølingsprosjekt i Sunnylvsfjorden. Og mange gode historier fylgde med når Odd Normann Hoff fortalde om arbeida som hadde blitt utført.
Han starta rundturen på Skjeret, ein plass som i eldre tid høyrde til Sunnylven kommune, men som no låg under Fjord kommune. Huset her var til nedfalls, det vart plukka ned av handtverkar Kåre Løvoll som tok det med til Volda der det vart restaurert. Deretter vart det frakta tilbake og sett saman på Skjeret igjen.
Så gjekk «reisa»til Odd Normann til Åkneset der han i tillegg hadde mang ei god historie å fortelje. Så var det Lisjesætra før reisa hans kom til Inste-Åkneset. Her stod alle hus under ein fjellhammar for at snøfonna skulle gå over utan å gjere skade, eit hus som var rundt 40 meter lagt.
Han var innom dei fire gardsbruka i Oaldsbygda, ein gong ei folkerik fjordbygd med både telefon og elektrisk kraftverk. Her var også norges fyrste sjølvbetjente butikk, sa han.
Nabogarden lenger inne var Furneset. Huset her vart plukka ned, floge til Ljøen med helikopter og sendt til Volda for vøling av Løvoll før det vart sendt tilbake og sett opp igjen.
På Furneset var det grøderikt høgt over fjorden, mellom anna vart mykje høy frakta der i frå enkelte år. Ikkje alltid gjekk dette arbeidet like bra, fortalde Hoff.
Kurlå var siste fjordgarden Odd Normann Hoff var innom. Her bildet han viste på storskjerm.
Matvika var ein av dei største og mest fruktbare gardane langs fjorden. Men livet var også her strevsamt då mykje av foret til dyra måtte hentast høgt til fjells.
På Blomberg lenger inne i Geirangerfjorden stod eit skralt hus, men verdifullt antikvarisk.
-Dette er ein av dei finaste plassane i fjorden, over 400 meter opp i lia, sa Hoff.
Også her hadde han mange historier å kome med, mellom anna om låven som vart bygd frå nytt etter ide og teikning frå eit barneblad.
Odd Normann Hoff kom også innom kaihuset på Ljøen, eit byggverk som også vart berga for nedfall, slik huset på Kurlå. Huset på Kurlå vart berga i siste liten, -klokka var over tolv, sa Kåre Løvoll då han og hans medhjelparar starta restaureringa. No er huset på Kurlå eit stasbygg, nesten så godt som nytt.
Timen med Odd Normann Hoff på medlemsmøtet i Sunnylven pensjonistlag vart på alle måtar interessant. Forteljaren har kunnskapar, langt ut over det andre har om virket som Storfjordens Venner driv. Leiar Astrid Langeland takka han så mykje, og overrakte ei lita gåve frå Pensjonistlaget.
Medlemsmøtet vart avslutta med servering av nonsmat, og åresal.