Lokalnytt

Fullsett samfunnshus på grendakveld

Bygdarane var mange og dyktige under programdelen på samfunnshuset

Sunnylven samfunnshus var fylt til siste stol under den årlege Grendakvelden laurdag. Der fekk publikum sjå og høyre Bygdarane med siste nytt frå området.

Då Geir kom på scena og ønska vel møtt til årets grendakveld var Sunnylven samfunnshus heilt fullsett. Folk i alle aldrar og frå både nær og fjern kom for å sjå og høyre Bygdarane presentere sitt vel timelange program.

Nok ein gong vart det ei morostund med lite alvor frå scena. Dei mange aktørane levde opp til forventningane og vel så det.
Her kom den eine sketsjen etter den andre med spektakulært innhald, og til gapskratt og applaus frå meir enn tohundre i salen. Det var troskuldig moro det heile, men med lette spark både hit og dit.

Her er det trim på tredemølle.

Etter ein opningssong var det tid for trim for eit par karar på tredemølle. Både Per Olav og Geir viste storform, og spreke var dei. Spesielt sistnemde imponerte sin sidemann mykje.
Vidare fekk vi vere med på ein god prat mellom Barbro og Jakob om alt som var å oppleve i Sunnylven. Barbro ramsa opp det ho tykte var bra medan Jakob var litt mindre begeistra. Det beste med heimbygda var at han ikkje budde på Stranda, sa han.

Møte i Frøysa vilt med diskusjon om fleire ting.

Og det kom fleire innslag i programmet om nye ting på Hellesylt, om cruisekai, verdens største slakteri, om gondol, hotell i eksklusiv klasse, og om hydrogenfabrikken.
Tankar om å få i gong enno fleire ting på Hellesylt vart diskutert mellom Hanne og Inge, og vi fekk oppleve eit stort kunstnarbesøk i bygda.

«Odd Nerdrum» i arbeid med å måle jenta til venstre.

Kunstmålar Odd Nerdrum var i arbeid med eit portrett. Nerdrum vart framstilt av Geir som også hadde besøk av ein kjenning og jobba med portrettet av ei jente som stod med open munn. Her vart det mange gode kommentar, og litt slitsamt for jenta som måtte stå med open munn heile tida. Kanskje det beste av mange gode innslag.

Og vi kunne teke med fleire, for det var mange «gullkorn», både korte og lange innslag under det godt timelange programmet til Bygdarane. Vi trur publikum kosa seg, i alle fall vart det ståande applaus for programmet og dei rundt tjuge aktørane etter ein ny, flott song som avslutta programmet.

Fire unge jenter tok også del i og var med i programmet på Grendakveld for fyrste gong. Her i lag med Hanne t.h.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380