Lokalnytt

Heile dagar med cruisebesøk på Hellesylt i mai.

MSC Euribia kjem til Hellesylt i mai.

MSC Euribia kjem til Hellesylt tre gongar i mai. Alle gongane vil skipet ligge ved Hellesylt cruisekai frå klokka 09.00 til 21.00. Dette får hellesylt.info opplyst frå hamnesjef Rita Berstad Maraak.

Datoane det gjeld er:

6. mai
13. mai
20. mai

MSC Euribia vart døypt i København i 2023 og er av dei største cruiseskipa som kjem til Hellesylt, heile 343 meter langt. MSC Euribia seglar under maltesisk flagg.

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info