Lokalnytt

Inge Bjørdal attvald som leiar i Storfjordens Venner

Frå årsmøtet i Storfjordens Venner, frå venstre dagleg leiar Kjetil Relling, styreleiar Inge Bjørdal, og Kristi Linge Stakkestad som sa frå seg attval som styremedlem.

Storfjordens Venner har halde årsmøte med godt frammøte i Trollstova, Liabygda laurdag 5. april.

I alt 22 medlemer med røysterett møtte på det 50 årsmøtet og slutta opp om framlagde saker.

Årsmøtet i Storfjordens Venner er inne i eit jubileumsår då det i 2025 er 50 år sidan verneorganisasjonen for fjord -og fjellgardar i Storfjordområdet vart skipa.
Under årsmøtet i Trollstova, som var annonsert gjennom lokalaviser på Sunnmøre og Romsdal, og gjennom nettsider og e-post til medlemer, vart både jubileet og fleire andre saker på ei vanleg lang saksliste drøfta. Både innkalling og sakliste vart  samrøystes godkjent.

Til årsmeldinga kom det fram nokre namn og punkt som vart retta opp på møtet, og vart deretter samrøystes godkjent.
Det same vart rekneskapen for siste år. Det viste eit overskot på vel 586.158,- som vart lagt til eigenkapitalen.

På arbeidsplan for 2025 stod fleire punkt som organisasjonen skal jobbe med dette året. Fyrst og fremst er det førebuingar til 50-års jubileet som må planleggas, men Storfjordens Venner er aktive også på andre felt.
Det blir arbeid med ein ny sesong av TV-programmet -Gardane langs Storfjorden-, det blir oppfølging av prosessen rundt musea på Sunnmøre, og framhald av drifta på Ytste-Skotet er ei anna sak.
Det må også rettast fokus på rekruttering av nye medlemer, og på restaureringsprosjekt i 2025, står å lese i referatet frå årsmøtet.

Val på årsmøtet.

Mellom styremedlemer skal det veljast styreleiar for eitt år, er fastsett i vedtektene for organisasjonen.

På årsmøtet vart Inge Bjørdal attvald som styreleiar i Storfjordens Venner.
Som nestleiar vart Kjell Martin Ringset vald.
Nye styremedlemer, Lars Kjell Smoge, og Sindre Aspehjell

Dei andre i styret er;
Eva Hove
Irene Tafjord Løvoll
Jens Petter Søvik

Varamedlemer til styret;
1. Ann-Iren Høgalmen
2. Reidar Furset
3. Merete L. Rønneberg

Andre val.
Revisorar; Stein Ivar Krohn og Stig Tryggestad
Valnemnd; Kjell Løseth, Anne Lise Lunde.

Medlemskontingent

Medlemskontingenten vart vedteken undra for 2026.
Enkeltmedlem kr. 300.-
Familiemedlemskap kr. 500.-
Bedriftsmedlemskap kr. 900.-

Orienteringar på årsmøtet.

På årsmøtet vart det orienteringar kring aktuelle saker.
Leiar Inge Bjørdal orienterte om status kring saka med lokalmusea på Sunnmøre,
Helge Søvik fortalde om arbeidet i Bautanemnda (50-års jubileet), og
Odd Normann Hoff orienterte om planar for opptak av TV-programmet -Gardane langs Storfjorden- .

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380