Klart for ny Grendakveld palmelaurdag
Frå Grendakveld med «Bygdarane» for mange år sidan.
Det nærmar seg ein ny morokveld på Sunnylven samfunnshus. Palmelaurdag 12. april inntek «Bygdarane» storstova på Hellesylt for å arrangere den årvisse grendakvelden.
Grendakvelden på Hellesylt er noko mange kjem for å vere med på og har lyst å oppleve. Då blir årets siste nyhende frå området presentert, usmykka, men med skjemt og moro frå scena i samfunnshuset.
Desse underhaldningskveldane går på omgang mellom dei tre bygdelaga i Sunnylven, og i år er det «Bygdarane» som står for arrangementet med program frå scena, bevertning og dans til slutt, i samarbeid med Hellesylt ungdomslag.
Det blir nok fullt hus også i år når dørene opnar med sal av forfriskningar for publikum i den vesle salen klokka 18.00. Og klokka 19.30 går sceneteppet frå for «Bygdarane» og program frå scena. Her stiller heile 20 unge og eldre i innslag som vi har fått opplyst vil vare i omlag ein time, og der det vil bli mange «nye» opplysningar om store og små hendingar, og fleire måtar å løyse saker på.
Anne Marie Sømoen Frøysa er mellom fleire frå Bygda som har stått på for å få programmet i hamn.
-Vi kom litt seint i gang, men så løsna det. No er vi i rute og vi trur vi har eit program folk vil like og more seg over. Her blir det både song og sketsjar, og litt småspark i alle retningar.
Når vi kom i gong viste det seg at vi hadde mange kreative personar, også folk utanfor bygda som har hjelpt oss med programmet. Mellom anna har vi fått tilsendt manus på gode sketsjar som vi trur vil more mykje og få fram både god og lang latter i salen laurdag.
Og så blir det sjølvsagt nokre småstikk hit og dit, slik det brukar å vere! –
Det seier Anne Marie Sømoen Frøysa, men er litt ordknapp om programmet. Ho pratar mest om at alt har løyst seg flott sjølv om dei kom litt seint i gong. Innhaldet skal sjølvsagt vere ei nyheit på laurdag kveld, forståeleg nok.
Så då er det berre å kjøpe billett og møte fam til ny grendakveld på Hellesylt.
Etter programmet blir der servert spekemat, og frå klokka 22.00 dans med musikk av «Kruttrøyk».
På Sunnylven samfunnshus blir det førehandssal av billettar til programmet laurdag 12. april mellom klokka 12.00 -13.30.