Lokalnytt

Konfirmasjon i Sunnylven

Her er årets konfirmantar i Sunnylven, på det største bildet frå venstre Elias Skjortnes Røyrhus, Mathias Sporstøl Ravelo, Christine Tronstad, Julie Bjørlykhaug Stadheim, Tora Kvamme Rusten og June Tronstad.

Laurdag 3. mai er det konfirmasjon i Sunnylven. I det høve har hellesylt.info fått bilde og informasjonen frå sokneprest Ann Kristin Langeland.

-Laurdag 3. mai kl 11.00 skal seks flotte ungdommar konfirmerast i Sunnylven kyrkje.
Vi har hatt eit fint konfirmantår, som starta med leir på Orreneset i september 24. Her fekk konfirmantar frå heile Storfjorden bli kjent og det vart knytt fine venskapsband. Gjennom konfirmantåret har dei vore kyrkjevertar ved gudstenester og dei var svært delaktige i Lysmessa. Dei gjorde også ein viktig innsats under årets fasteaksjon, der dei samla inn over 15.000 kroner til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid. I konfirmanttimane har vi reflektert og diskutert tru og tvil, utfordringar og gleder ved livet. Det har vore ein engasjert gjeng, som har gjort det spanande å vere saman med dei.

No har dei øva til sjølve konfirmasjonsgudstenesta, der dei vil vere delaktig på ulikt vis. Konfirmantkappene heng klare og vi gler oss til den høgtidssame stunda i kyrkja.

Vi gler oss til å heise flagget for dei fine konfirmantane, og til å ynskje dei alt godt på vegen vidare gjennom ei spanande og fin ungdomstid.

Årets konfirmantar er:

Tora Kvamme Rusten

Elias Skjortnes Røyrhus

Mathias Sporstøl Ravelo

Julie Bjørlykhaug Stadheim

Christine Tronstad

June Tronstad

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380