Lokalnytt

«Kruttrøyk» på Sunnylven samfunnshus

Kruttrøyk er eit norsk contryband som starta opp  hausten 2000, og som har etablert seg innen countryrock-stilen. Bandet har sidan starten turnert store deler av sør-Norge, og jobba seg opp fra å spele på folkelause pubar til store utearrangement og festivalar med tusenvis av tilhøyrarar.

Den fyrste november 2003 kom bandet ut med si fyrste plate som fekk namnet Kruttrøyk. Dette er ein LP med 7 låtar som kom ut på eige selskap. Plata fekk god kritikk og vart selt i over 1 000 eksemplar. I 2006 kom plata Kuler og krutt på selskapet Tylden & Co, og i juni 2009 kom den hittil siste plata Farande fant.

Laurdag 12. april spelar Kruttrøyk til dans i Sunnylven samfunnshus på Hellesylt under grendakveld frå klokka 22.00.

Gruppa består av,!

  • Jens P. Dyrdal –vokalist, gitar
  • Hans Robert Hyllestad – gitar, mandolin og steelgitar
  • Torbjørn Gran –bassgitar
  • Jørn Moen –tromme

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380