Lokalnytt

Mange kom på Pusterom

Koret Fryd med dirigent Kristin Storstein og Gunnar Inge Eide ved pianoet.

Svært mange kom til Sunnylven kyrkje og Pusterom torsdag kveld. Ei hyggeleg kveldsstund med fin song og musikk, og gode ord.

Det starta så vakkert med tonar frå kyrkjeorgelet og organist Gunnar Inge Eide. Ein vakker time i Sunnylven kyrkje var opna.
-Eg er så glad for å sjå dokke alle i kyrkja. I kveld er det koret Fryd som skal underhalde oss med vakker song, sa sokneprest Ann Kristin Langeland då ho opna kveldsstunda i kyrkja torsdag kveld. Det vart ei samling som alle fekk med gode minner frå som dei kunne ta med heim.

Det start så vakkert med songen «Lei milde ljos», med Kristin Storstein som vokalist og Gunnar Inge Eide på orgel. Så kom koret Fryd og fyrste songen dei framførte i kyrkja var «Se ilden lyse». Svært så vakkert, og vi gleda oss på det som skulle kome og det vi skulle få høyre seinare i Pusterommet.

I ei kort andakt kom prest Ann Kristin Langeland inn på verdenssituasjonen, på dei urolege tider og meir som uroar livet. Difor treng vi stunder som dette, eit pusterom i kyrkja, meine Fjordapresten.

Deretter var det koret med Gunnar Inge Eide ved pianoet og med vakker framføring av salmen «Blott en dag». Her fekk vi høyre Oddbjørg Stadheim som solist i lag med dei fjorten andre songdamene.

Mange tente lys i lysgloben torsdag kveld.

Samlinga i kyrkja mintes også ein av kyrkjelyden som hadde gått bort den siste tida. I lysgloben tente Langeland eit lys og bar fram nokre minneord.

Koret Fryd hadde øvd inn fire songer til kvelden i kyrkja torsdag. Den tredje var Leonard Cohen sin «Hallelujah». Her fekk vi høre to av dei yngste i koret, Ingeborg og Siril som sang solo på eitt av versa og imponerte oss mykje. Også alle som ville av kyrkjelyden fekk vere med på refrenget til songen.

Kvelden med Pusterom vart ei stund i kyrkja til ro og ettertanke, ein kveld med mykje flott song og musikk og med gode ord. Vakkert var det å høyre tonane frå Eide og  kyrkjeorgelet, og med song frå den store forsamlinga, kanskje meir enn hundre som var til stades.
Som aller siste innslag denne kvelden i kyrkja fekk alle høyre koret synge «Kærlekens tid» med Kristin Storstein som volkalist. Ei fin avslutning på ein vakker kveld.

Det vart ei minnerik stund i Sunnylven kyrkje torsdag kveld. Å kome inn i varmen i den høgreiste kyrkja og lytte til gode ord og vakre tonar er ei kvardagsgåve i ei mykje uroleg verd. Difor er nok mange, også tilreisande takksame for slike tiltak og det dei fekk oppleve denne kvelden. Slike må vi gjerne få fleire av.

Fjordapresten Ann Kristin Langeland leia samlinga Pusterom i kyrkja torsdag kveld.

Stødig organist og på andre tangentar under Pusterom var Gunnar Inge Eide.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380