Ny ulykke frå Helsetkopen
Ein skada fjellflygar vart laurdag kveld henta ut frå fjellsida under Helsetkopen. (Arkivfoto)
Det var laurdag at ein basehoppar landa ukontrollert i fjellsida under Helsetkopen i Sunnylven. Han vart skada og henta ut med helikopter.
Laurdag 26. april skjedde det igjen at ein basehoppar frå det 1246 meter høge fjellet Helsetkopen i Sunnylven ikkje kom trykt ned. Omlag halvvegs på flygeturen vart det ei ukontrollert naudlanding som førte til skadar, og mannen i 30 åra måtte hentast ut med helikopter. Han ringde sjølv etter hjelp og vart fraktast til sjukehus.
Dei siste åra har det skjedd ulykker med basehopparar frå Helsetkopen. No sist laurdag var det fint ver, klart opphaldsver og ikkje vind. Kva som er årsaker til uhella veit ikkje vi, men kanskje er aktørane for lite røynde med den luftige sporten.
Då sporten tok seg opp frå Helsetkopen for mange år sidan vart det hoppa mykje, og mang ein luftsportaktør kom trykt ned på flata ved Helsetvatnet. No har det skjedd uhell med hopparar dei siste åra. Slik kan det vel ikkje halde fram.