Lokalnytt

Planlegg Hellesyltdagar 2025

Andesleppet i Hellesyltfossen avsluttar Hellesyltdagane. Her kan mange loddkjøparar vinne store premiar.

Frå fredag 4. til søndag 6. juli blir det Hellesyltdagar, eit arrangement for heile familien. Arrangøren jobbar no med planlegging av sommarfesten.

Fyrste helg i juli blir det Hellesyltdagar igjen, ei helg fylt med kyrkjekonsert, andeslepp i Hellesyltfossen, underhaldning, kjøp og sal, sportslege aktivitetar og mykje, mykje meir.

Hellesyltdagane er kjent for eit vidt spekter aktivitetar, mykje folk og ikkje minst fint ver.
På dei snart førti åra dagane har blitt arrangert har regnet venta med å plaske ned til siste premie for andesleppet er delt ut på søndag. Det kan vel teljast på ei hand dei gonger veret har dempa besøk og aktivitet under arrangementet innerst i Sunnylvsfjorden.

Hellesylt Næringslag i lag med lag og organisasjonar og bedrifter er i gong med førebuingane til dagane.
Dei som ynskjer salsstand eller på annan måte delta under Hellesyltdagane kan kontakte Hellesylt Næringslag for avtale.

Vel møtt til nye, flotte og spanande Hellesyltdagar 2025!

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380