Lokalnytt

Rasteborda beisa og plassert ut

Rasteborda på turvegen over Berja er no beisa og plassert ut.

For tre år sidan vart ti rastebord klargjorde og utplasserte på den gamle bygdevegen mellom Frøysa og Hole. Sidan 2022 har turgåarar kunne teke dei i bruk gjennom sommaren, både for å nyte medbrakt niste eller ta ei kvild om dei ynskte det.

Kvar vår har borda blitt behandla med beis for å hindre råteskade, og dette arbeidet vart utført også i år. No er alle bord komne på plass langs turvegen.

hellesylt.info har motteke melding om at jobben vart gjort fyrste helg i april, så då er det berre å ta turen etter den gamle bygdevegen, og om nødvendig ta pause og ei kvild på rasteborda.
God tur etter den gamle ferdselsåra over Berja i Sunnylvsbygda.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380