12. desember 2025

Rydda veiskråning på dugnad

Denne vegskråninga ville pensjonistar på Hellesylt halde ryddig og velstelt til sommarsesongen. 

Vegskråninga bak Coop Marked på Hellesylt vart rydda av pensjonistar fredag. Men før alt er gjort må e-verket påvise ein straumkabel i området.

Av Lars Fivelstad.

Bak Coop-bygget på Hellesylt er der ei veiskråning som Sunnylven Pensjonistlag har ønskje om å få stelt til og halde vedlike på dugnad. Skråninga er graskledd, men der er også både kratt, renningar, ein del stein og nokre store trestubbar.
Pensjonistlaget har hatt dugnadar der dei siste par åra, og fredag var det klart for ny vårrydding. Med TEFT-midlar frå Sparebanken Møre har laget fått kjøpt inn ein maskin både for grasslått og krattrydding, og denne var til stor nytte under dugnaden,

Astrid Taraldset t.v. og Randi Stadheim var to av fleire i dugnasgjengen.

Etter kvart som graset vart slege, vart skråninga grundig raka nedover mot gata med jarnriver. Her vart gras, kvist og greiner samla på tilhengar og køyrt bort, til saman 4-5 tilhengarlass. Ved hjelp av krattkniv, fekk ein også fjerna det store krattet i skråninga.

Håkon Hasle stilte med bil og hengar for å køyre vekk rusk.

Vil trenge gravemaskin

For å få bort dei store trestubbane og stein som ligg i skråninga, vil ein måtte bruke gravemaskin. Men laget har fått stadfesta at der ligg straumkablar i terrenget, så difor må det søkjast om graveløyve, og ein må få påvist nøyaktig kvar kablane ligg.

Rune Fannemel med motorisert utstyr for kantslåtten.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →