Lokalnytt

Siste arbeidsdag for Inge Bjørdal.

Einar Lied overrekker vase til Inge Bjørdal som takk for grundig og godt arbeid for Stranda kommune gjennom mange år.
Einar Lied overrekker vase til Inge Bjørdal som takk for grundig og godt arbeid for Stranda kommune gjennom mange år.

Fredag 11. april hadde næringssjef Inge Bjørdal sin siste ordinære arbeidsdag i Stranda kommune. Dette vart markert på ei lunsjsamling på kommunehuset fredag.

Konstituert kommunedirektør Einar Lied hadde mange lovord å kome med. Han trekte fram Inge som ein svært viktig aktør innanfor landbruksforvaltninga i verdsarven og sette og stor pris på hans store samfunnsengasjement både i kommunalt arbeid og elles. Til sist overleverte han ein vase til Inge som takk for grundig og godt arbeid for Stranda kommune gjennom mange år.

Inge Bjørdal flytta tilbake til heimbygda Hellesylt frå Ås og tok til i Stranda kommune i 2007. Han fylte 72 år i februar, men blir ikkje arbeidsledig sjølv om det ordinære arbeidet i kommunen no er slutt.

Sist helg vart Inge gjenvalgt som leiar i Storfjordens Venner. Organisasjonen fyller 50 år i 2025, og skal feire stort jubileum med avduking av statua «Fjordafolket» i september.

Framover ser Inge  fram til å kunne tilbringe meir tid i sætre-huset i Holedalen i tillegg til andre prosjekt heime på Bjørdal. Han vil og bistå Stranda kommune i forhold til verdsarvordninga ut 2025.

Inge Bjørdal hadde sin siste ordinære arbeidsdag i Stranda kommune 11. april 2025.

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info