Lokalnytt

Siste konkurranse før påske

Sunnylven skyttarlag avslutta skytinga før påske med konkurransar i klubbhuset på Hellesylt. Heile 19 skuyttarar deltok.

Sunnylven skyttarlag arrangerte påskeavslutning for ungdom på bana i klubbhuset. Heile 19 unge skyttarar deltok.

Nyleg var det avsluttande skyting for 19 unge deltakarar frå Sunnylven skyttarlag på miniatyrbana i klubbhuset på Hellesylt. Dette var siste skyting etter ein vinter med fleire konkurransar, og der treffsikkerheita hadde vore imponerande bra, skriv Ola Vangen i melding til hellesylt.info.

Programmet på avslutningskvelden var;
Ein 5-skot serie på to minutt
Ein 10-skot serie på to minutt
Ein runde med Ola Five-skyting (hurtigserie på fem skot innan maks eitt minutt)
I tillegg vart det trekt ut vilkårlege lag for å danne lagskyting basert på dei 15 fyrste skota.

På avslutninga var det i tillegg til heider og ære også eit stort premiebord. Her vart det delt ut pokal til skyttarar nærmast 127 poeng og to treff sentrum.
Det vart pokal til skyttarar nærmast 141 poeng og fire i sentrum, og det vart pokal til skyttarar med beste 15 skot. Same flotte premie fekk skyttar med beste Ola Five-serie.

Premiebordet til Sunnylvven skyttarlag var stort under avslutningsstemnet. I tillegg til det som er nemt vart det under dette siste stemne før påske delt ut medalje i gylt, sølv og bronse i lagskyting, står å lese i meldinga frå skyttarlaget.

Under samlinga no vart det også premieutdeling for skytingar som har vore tidlegare i vinter.

Premiebordet under avslutningsstemnet var stort og blankte godt.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380