Stor påskebingo og premiefest

Tradisjonen tru var det påskebingo med premieutdeling for Sunnylvscupen på ski 2024 – 25 på Sunnylven samfunnshus tysdag 15. april. Ski -og skiskyttargruppa var arrangør.
Det var ein snøfattig vinter så det hadde ikkje blitt så mykje køyring med trakkemaskina i Hyttehola, noko som førte til at maskina vart ståande i ro det meste av vinteren, kunne leiar i Skigruppa, Magnar Tufte Tyssen fortelje.
Berre eit par skirenn vart arrangert i løypene på skistadion i Hyttehola, så i staden vart det springing med joggesko på og kring Hellesylt stadion for å få arrangert nok Sunnylvscup, kunne han fortelje.
Også eit lokalt renn 22 – 23 mars vart avlyst grunna for lite snø.
Magnar Tufte Tyssen tok i si orientering til den store bingo-forsamlinga også fram løparar frå klubben som hadde gjort det godt i konkurransar nasjonalt i vinter. Han nemnde skiskyttaren Elias Helset, og langrennsjenta Marte Hjellbakk Hole, begge to med fleire flotte plasseringar i Norgescup-renn.
Og til slutt kom leiaren i skigruppa med ei oppfordring til alle som var møtt fram.
-Hald dykk i form, det finst mange gode aktivitetar i Sunnylven IL å ta del i.
Til bingoen med premieutdeling var det møtt fram svært mange, og både den store og den lille salen var nesten fullsett. Heldige vinnarar kunne ta med heim flotte gevinstar både i hovudspel og i ekstraspel, dei fleste gjevne av lokalet næringsliv.