Lokalnytt

Tapte mot MTG

Sunnylven fotball sitt G16-lag tapte onsdag mot MTG på heimebane 3-9. Ved pause var stillinga 2-4.

Eit ungt G16-lag frå Sunnylven var gode mot MTG i seriekamp på Hellesylt stadion onsdag. Dei raude og blå på heimelaget kjempa godt mot eit fysisk større og eldre mannskap i seriekamp, men måtte tole eit stort tap til slutt. På det siste minuttet skåra gjestane to mål, det siste då det stod ti sekund igjen av kampen.

Sunnylven, som har stor variasjon i alder på laget, frå 13 til 15-16 år møtte eit lag med større spelarar. Det blir litt urettferdig å spele kamp når alder og storleik blir såpass avgjerande.
Men heimelaget kjempa godt der to jentespelarar var med i heile kampen og heldt motstandar på eit par måls avstand lenge. Men til slutt rakna det for det gode laget til Sunnylven som blir trena av Eivind Louis Helset.

MTG opna skåringane etter sju minutt. To minutt seinare utlikna Sunnylven ved Fredrik Fivelstad Stadheim.
Frå då gjekk nesten heile fyrste omgang før det kom ny skåring til gjestane, og på nytt utlikna Sunnylven ved same spelar til 2-2.
Deretter la MTG på to gonger til før kvilen og stillinga ved pause var 2-4.

Mange mål i andre omgang

I andre omgang gjekk det sju minutt før ny skåring kom, på eit kanonskot for heimelaget ved Oskar Ringdal. Men minuttet etter la gjestane på til 3-5, og seinare vart det 3-6 og 3-7, før dei to siste kom like før slutt.

Det var ein kamp med høgt tempo og med mykje god fotball som publikum fekk sjå på Hellesylt stadion onsdag. Og sjølv om det vart tap viste Sunnylven mykje fin fotball som dei har all ære av.

Laget til Sunnylven G 16:
Elias Skjortnes Røyrhus, Fredrik Fivelstad Stadheim, Kai-Adam Røyrhus, Ari Kjellstadli, Kristen Ringdal, Jakob Frøysa Hånes, Ingeborg Fivelstad Stadheim, Terese Støverstein, Oskar Ringdal, trenar Eivind Louis Helset.

God domar var Odd Even Svindseth, VRF.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380