Aktivitetsdag i Fjellrosa 4H

Søndag var det aktivitetsdag i 4H-klubben Fjellrosa. På uteområdet ved Sunnylven skule på Hellesylt var det mykje moro for medlemar og andre.
Det var sol og varmt i veret då Fjellrosa 4H var samla til ulike aktivitetar søndag, denne gongen på uteområdet ved Sunnylven skule. Mange kom og hadde ei triveleg stund i lag.
Mange aktivitetar stod på programmet for alle aldersgrupper i Fjellrosa 4H. Klubben har medlemer frå alle aldersgrupper, frå ni – ti år til over konfirmasjonsalder, så då blir det også aktivitet av ulike slag.
Klubbrådgjevar Silje Stadheim rekna opp alt det medlemane kunne vere med på denne søndagen, og det var ikkje lite. Mest og størst innsats var det nok i volleyball, men også kastøvingar og måling med fargekrit var også populære aktivitetar.
Samlinga på uteområdet varte i tre timar, og under vegs vart det servert grillpølser, sponsa av Ole Ringdal AS. Både severinga og aktivitetane fall i smak etter det i kunne sjå.
Då blir det ny aktivitetsdag i Fjellrosa 4H i juni på badestranda på Hellesylt, fekk vi opplyst. Då blir også hellesylt.info meir til stades.
Denne gongen har vi fått alle bilder av Doville Sundgot som også er med i leiinga av 4H-klubben i Sunnylven.